Den Norske Ølrevolusjonen

  • Produktkode:  120120
  • Lagerstatus:  18

I denne boka fortel Hugo Ivan Hatland dei spennande historiene om ni utvalgte norske bryggjeri: Nøgne Ø, Haandbryggeriet, Ringnes, Hansa, Voss Bryggeri, Lervig Aktiebryggeri, Kinn Bryggeri, Ægir og 7 Fjell Bryggeri. Desse er historier om dugnadsånd, gründere med stort pågangsmot og sterk kompromissløyse. Vi møter ei rekke ildsjeler som har levd ut draumen om å skape det perfekte ølet, og dei har blitt lønt med at stadig fleire nordmenn ynskjer å smake på nye øltypar.

Boka har eigne bryggjekapittel for dei som bryggjer sjølv, skriven av Gahr Smith-Gahrsen. Mellom dei over 40 oppskriftene, finn du detaljerte framgangsmåter for bryggjing av stout, porter, surøl, lys lager, pale ale, belgisk øl, juleøl, old ale og barleywine. Smith-Gahrsen fortel om sine eigne erfaringer som bryggjar, og deler tips og råd med lesaren.

Boka er rikt illustrert med fotografier av Skjalg Ekeland. Denne gåveboka er eit must for alle som bryggjer sjølv eller har eit lidenskapeleg forhald til norsk øl.

kr 449.00