2873

Kinn Tomasmesse

20L Ølsett

Varenr:90210
499,-
-+
17 på lager
BeskrivelseTeknisk infoTilbehørAndre kjøpte ogsåSupport
Beskrivelse
  • Produktkode:  90210

Tomasmesse frå Kinn Bryggeri er ein belgisk kvadruppel som er inspirert av Westvleteren 12. Kinn bryggar sin Tomasmesse i god tid før jul, og lagrar det ekstra lenge for eit avrunda lagringspreg med innslag av nøtter, mørk tørka frukt og vinøse tonar. Oppskrifta er svært enkel med få, men gode råvarer. Likevel blir Tomasmesse eit svært komplekst øl. Dette skuldast i stor grad den opne gjæringsprosessen som går føre seg ved ekstra høg temperatur (28 grader °C), kombinert med den lange modningstida. Den kan nytast for seg sjølv, til feite kjøttrettar, og til dessertar som t.d. kaker og moltekrem.

Ølsettet er laga i samarbeid med Kinn Bryggeri, og tilpassa heimebryggerskala.

OBS: Ølsettet treng 550g sukker, som ikkje medfølger i pakken.

Gjær:

Dette settet inneholder 3 pakker Safale BE-256. Vi pakker alle ølsett med tilstrekkelig mengde med gjær til brygget. Sterkare ølsett har fleire pakkar gjær, då er det meininga at man skal bruke det antallet som følger med, for å få ei rask og god utgjæring.

Det er mulig å kjøpe ferskgjær utenom dersom man heller ønsker det - White Labs WLP530 er anbefalt ferskgjær. Enkelte sterkare øltypar krever meir gjær, og man kan då velge å kjøpe fleire pakker, eller lage gjærstarter. Spør oss gjerne om du er usikker på kor mykje gjær du treng!

Ingrediensar:
Våre ølsett inneheld malt, humle i porsjonspakkar, og tørrgjær. Malten knuses ved bestilling.
Humle kjem pakka i porsjonspakningar, slik at du skal sleppe å sitte igjen med restar som ikkje vert brukt.
Vi tar forbehold om at ein bør gå igjennom og sjekke at alle ingrediensar stemmer med oppskrift før ein brygger. Les oppskriftsarket for å sjekke vekt på malt og antall humleposar/gjær, og om det skal vere andre tilsetningar som ikkje følger med.

Oppbevaring: Kverna malt kan oppbevarast tørt i romtemperatur, men humle og gjær bør lagrast kjølig.

OBS: man kan be om å få ølsettet med ukverna malt, dersom man har mølle sjølv. Skriv ein kommentar om dette når du bestiller.

Oppskrift:
Sjå / last ned oppskriftsark her (PDF). 
Sjå Framgangsmåte for brygging av ølsett (PDF).
Last ned bryggeskjema her.

Teknisk info

Produktinformasjon

Gruppe 1 Ølsett
Gruppe 2 Bryggeri–Ølsett
Gruppe 3 Kinn Bryggeri
Ølstil Juleøl


Tilbehør
Andre kjøpte også
Support
Varen er på lager.
Varen er bestilt fra leverandør og leveringsdato er bekreftet.
Varen er bestilt fra leverandør, men leveringsdato er ikke bekreftet.
Varen må bestilles fra leverandør.
Varen befinner seg på fjernlager.
Varen er bestilt fra leverandør, men leveringsdato er ikke bekreftet.
Varene bestilles fra vår leverandørs lager.
Ubekreftet - Ta kontakt med kundesenter for nærmere informasjon.