Juleknekk er eit sterkt juleøl i ein (engelsk) Barley-wine stil. Eit øl med veldig høg alkohol% og lite humle. Her er det viktig å få ei god mesking, der du gjerne kan skylle med litt meir vatn og koke litt lengre. Har du 20L med ein SG på 1.070 (før koking), så er du på rett veg. Sukkeret tilsett du mot slutten av kokinga, og da skal du ligge på ca 1.090-1.095. Dette er eit juleøl du gjerne kan lagre i fleire år, og nyt det med vellagra harde oster, eller med pepperkaker med blåmuggost på. Topp gjerne med noen knuste brente mander eller litt aprikossyltetøy.
Og musikk til ølet høyrer med!
Gjær:
Tørrgjær - 2 pakker US-05. Det følger med tilstrekkelig mengde med gjær til brygget. Sterkare ølsett har to pakkar gjær, då er det meininga at man skal bruke begge, for å få ei rask og god utgjæring.
Ferskgjær - White Labs WLP833 er den anbefalte ferskgjæren.
Ingrediensar:
Våre ølsett inneheld malt, humle i porsjonspakkar, og tørrgjær. Malten knuses ved bestilling.
Humle kjem pakka i porsjonspakningar, slik at du skal sleppe å sitte igjen med restar som ikkje vert brukt.
Vi tar forbehold om at ein bør gå igjennom og sjekke at alle ingrediensar stemmer med oppskrift før ein brygger. Les oppskriftsarket for å sjekke vekt på malt og antall humleposar/gjær, og om det skal vere andre tilsetningar som ikkje følger med.
Oppbevaring: Kverna malt kan oppbevarast tørt i romtemperatur, men humle og gjær bør lagrast kjølig.
OBS: man kan be om å få ølsettet med ukverna malt, dersom man har mølle sjølv. Skriv ein kommentar om dette når du bestiller.
Oppskrift:
Sjå / last ned oppskriftsark her (PDF).
Sjå Framgangsmåte for brygging av ølsett (PDF).
Last ned bryggeskjema her.