Ny nettside!

Vestbrygg har endelig fått nye nettsider!

På dei nye nettsidene kan du sjå alle produkta våre, og i tillegg er dei direkte linka til butikksystemet, slik at prisar og lagerstatus blir oppdatert kvar dag.

Lagerstatus vil per i dag vere feil på nokre varer, då vi held på å gå igjennom varelageret og oppdatere status.

I første omgang er det kun ei nettside, men neste steg blir at vi lanserar nettbutikk, i løpet av nokre veker.

Vi håpar at dykk set pris på dei nye sidene våre, vi har jobba hardt med å lage dei funksjonsrike og intuitive, med framtidsretta design.

 
Dersom dykk har tilbakemeldingar, eller finn feil på sidene, send oss gjerne ein mail på: respons@vestbrygg.no