Vestbrygg Hop King Classic IPA 25L Ølsett

  • Produktkode:  90169
  • ABV: 6.1%
  • Farge: 12 EBC
  • IBU: 67

Vestbrygg Hop King IPA er ein klassisk god Amerikansk IPA. Den har ein lys og lett kropp, med mykje humle. Med humletilsetningar mot slutten av kokinga, vil ein få ein fin balanse mellom smak og aroma. Kombinasjonen av Centennial, Simcoe og Tomahawk, gir ein aroma av pasjonsfrukt, aprikos, furunål og citrus.

Bitterheita er ikkje for dominerande i dette ølet. Det er akkurat nok til å bære alkoholstyrken på 6%. Og nok til å kunne passe til diverse matretter. Prøv den til indiske curry-retter eller Mexikansk mat med litt flamme. Er du meir i det eksperimentelle hjørnet, kan du prøve den til grilla skalldyr og skjell.

Gjær:
Tørrgjær - Safale US-05. Velger man tørrgjær, følger det med tilstrekkelig mengde med gjær til brygget. Sterkare ølsett (over 5%) har to pakkar gjær, då er det meininga at man skal bruke begge, for å få ei rask og god utgjæring.

Ferskgjær - White Labs WLP001 er den anbefalte ferskgjæren. Ved valg av ferskgjær følger det med 1 pakke i ølsettet. Enkelte sterkare øltypar krever meir gjær, og man kan då velge å kjøpe ein ekstra pakke utenom, eller lage gjærstarter. Spør oss gjerne om du er usikker på kor mykje gjær du treng! 


Oppskrift: Last ned info-pdf (trykk på linken på "filer:").

Ingrediensar:
Våre ølsett inneheld malt, humle i porsjonspakkar, og gjær. Malten knuses ved bestilling, og du kan oppgi ønsket kverningsgrad som ein kommentar når du bestiller.
Humle kjem pakka i porsjonspakningar, slik at du skal sleppe å sitte igjen med restar som ikkje vert brukt.
Kverna malt kan oppbevarast tørt i romtemperatur, men humle og gjær bør lagrast kjølig.

OBS: man kan be om å få ølsettet med ukverna malt, dersom man har mølle sjølv. Skriv ein kommentar om dette når du bestiller.

kr 399.00
10+ på lager