Kinn Svart Hav Staut 25L Ølsett

  • Produktkode:  90202
  • ABV: 4.7%
  • Farge: 62 EBC
  • IBU: 40

Kinn Bryggeri sin Svart Hav er kraftig på smak, men likevel eit godt balansert overgjæra øl. Av ingrediensar brukar vi pale ale malt, to sortar karamellmalt og røsta bygg. Ølet er einhumla med Hallertau Northern Brewer. Røsta bygg er umalta bygg som blir varma opp til så sterk temperatur at det blir nesten svart. Dette gir den intense brente/røstige smaken og den svarte fargen. Svart Hav er hovudsakleg prega av denne mørke maltsmaken, men med fine tonar av karamell, rosin, sjokolade og kaffe i tillegg. Svart Hav passar svært godt til kraftige kjøtrettar og mat med sjokolade.

 

Ølsettet er laga i samarbeid med Kinn Bryggeri, og tilpassa heimebryggerskala.

 

Gjær:
Tørrgjær - Safale S-04. Velger man tørrgjær, følger det med tilstrekkelig mengde med gjær til brygget. Sterkare ølsett (over 5%) har to pakkar gjær, då er det meininga at man skal bruke begge, for å få ei rask og god utgjæring.

Ferskgjær - Wyeast 1318 London Ale III er den anbefalte ferskgjæren. Ved valg av ferskgjær følger det med 1 pakke i ølsettet. Enkelte sterkare øltypar krever meir gjær, og man kan då velge å kjøpe ein ekstra pakke utenom, eller lage gjærstarter. Spør oss gjerne om du er usikker på kor mykje gjær du treng! 


Oppskrift: Last ned info-pdf (trykk på linken på "filer:").

Ingrediensar:
Våre ølsett inneheld ferdig kverna malt, humle i porsjonspakkar, og gjær. 
Humle kjem pakka i porsjonspakningar, slik at du skal sleppe å sitte igjen med restar som ikkje vert brukt.
Kverna malt kan oppbevarast tørt i romtemperatur, men humle og gjær bør lagrast kjølig.

OBS: man kan be om å få ølsettet med ukverna malt, dersom man har mølle sjølv. Skriv ein kommentar om dette når du bestiller.

kr 399.00
10+ på lager