Me held jamnlege bryggekurs, send oss mail på post@vestbrygg.no for påmelding. Sjå kursdatoar lengre nede.

Kort om kurset:

Kurset vil eigne seg for deg som vil lære å brygge øl heime. Det er inga krav til forkunnskap. Du treng kun ha lyst til å finne ut meir om prosessen rundt ølbrygging.

Det er eit nybegynnarkurs, men høve like godt for dei som har brygga litt frå før.

På kurset vil du få ein introduksjon til ingrediensar og øltypar, samt prosessen rundt. Me vil brygge eit øl sammen, slik at ein kan sjå, smake og lukte seg gjennom prosessen med brygging av øl. Dette vil verte eit kurs i “all grain” (brygging med korn), men ein vil også gå gjennom andre bryggemetodar.

Dette lærer du:

Målet med kurset er at man sjølv skal kunne prøve å brygge på eigen hånd, og få ein god forståelse av prosessen.

Påmelding:

Send oss ein mail for datoar og påmelding. Det vil også vere mogleg å lage private kurs, satt opp etter ditt ønske. Minimum antall er då 8 påmeldte.

Pris: 990,- (Studentpris 450,-) - Kjøp gjerne gavekort på bryggekurs!
Tidspunkt: 10.00-15.00
Antall plasser på kvart kurs: 8-15. 
Kursstad: Vestbrygg sine lokaler i Eikeveien 1, 5063 Bergen. 
(OBS, vi har parkeringsplassar på baksida av bygget.)

Kursdatoar:

04. november 2017

Bryggekurs 04. november

10+ på lager 990.00
10+ på lager

Bryggekurs 07. oktober

10+ på lager 990.00
10+ på lager

Gavekort Bryggekurs

50+ på lager 990.00
50+ på lager