*OBS: Humlepakken i dette ølsettet har best før ved utgangen av desember 26. Den er oppbevart kaldt og vil halde god kvalitet over BF dato.
Kornet er forøvrig nykverna på bestilling og gjæren er av veldig god dato.
The Beak er ein Dry stout i samme gate som Guinness, eller vår eigen Leprechaun. Dette er ikkje den enklaste stilen å meistre. Ein skal nytte mindre råvarer for å skape meir smak. Eit kunststykke som ikkje er veldig enkelt. Derfor har me gjort nokon grep for at du skal kunne brygge ein dry-stout litt enklare.
I The Beak så har me nytta us-05 som gjær. Dette for å ha ein reinere smaksprofil, og meir fokus på det røsta maltpreget. Me har også nytta havre i denne for å øke munnfølelsen. Begge de to grepa er gjort for å ha ei "enklare" tilnærming til ein dry-stout. Så har du lyst til å prøve det på noko i Guinness-gata, så er The Beak noko for deg.
Gjær:
Dette settet inneholder 1 pakke Safale US-05. Vi pakker alle ølsett med tilstrekkelig mengde med gjær til brygget. Sterkare ølsett har to pakkar gjær, då er det meininga at man skal bruke begge, for å få ei rask og god utgjæring.
Det er mulig å kjøpe ferskgjær utenom dersom man heller ønsker det - White Labs WLP004 er den anbefalte ferskgjæren. Enkelte sterkare øltypar krever meir gjær, og man kan då velge å kjøpe fleire pakker, eller lage gjærstarter. Spør oss gjerne om du er usikker på kor mykje gjær du treng!
Ingrediensar:
Våre ølsett inneheld malt, humle i porsjonspakkar, og gjær. Malten knuses ved bestilling.
Humle kjem pakka i porsjonspakningar, slik at du skal sleppe å sitte igjen med restar som ikkje vert brukt.
Kverna malt kan oppbevarast tørt i romtemperatur, men humle og gjær bør lagrast kjølig.
OBS: man kan be om å få ølsettet med ukverna malt, dersom man har mølle sjølv. Skriv ein kommentar om dette når du bestiller.
Oppskrift:
Sjå / last ned oppskriftsark her (PDF).
Sjå Framgangsmåte for brygging av ølsett (PDF).
Last ned bryggeskjema her.